Då trølle drogost ryggjitak om Hallenuten
Før utruleg lengi sea va det store trøll og risa som heldo te i dei høgaste fjellsio Desse eigde nut`atten kringom seg, og nåde den som kom og meinte noko anna.
Det hende at trølle vart usamde om kor grensa gjekk og når desse roko uklare, (vart ueinge) då vart det beint fram ikkje berre morosamt nei, kan du tru.
So va det ei gong at storetrollet i Bergaskaret og eit tå sama slaget, berre endo større som held te oppi Røggin, hadde vorte usamde om kem som åtte Hallenuten. Denna nuten ligg midt i dalen og båe meinte at nuten låg nemnast te seg. Grunnen te at dei voro så hissige på Hallenuten va at han høvde så godt te tumleplass før småtrøllo.
Det gjekk fleire år og dei vorto meir og meir uvenni. På kor sine fjell stondo trølle og huga over te korare. Lovde einannan juling og mangt anna.
Men so va det ein dag dei vart enige om korleis striden skulle avgjerast.
Dei skulle dragast ryggitak om Hallenuten-
På ei slette nordafør nuten skulle dette foregå. Dei møttest til avtala tid.
Det va ei torsdagsnått med fullmåne, den fyrste ette frøstneto.
Trøllet or Bergaskaret haddde teke ut plassen og hadde nøkk hatt i tankane at han ville vinne.
Det va noko myrlent der omkring og han fann ein stad der berrfrøsten ikkji hadde slått seg så djupt.
Det braka laus klukka tolv.
Det gjekk nett som Bergatrøllet hadde tenkt. Telen braut og Røggjirisen søkk ned med den eine foten. Dermed va det for han andre og leggji seg på han og bryte Røggjirisen overende. Men då skjønte trøllet som tapte at den andre hadde fare med fantestrekji.
Det skulle hevnast !!
Lengi va det merkju i myr`n ette trøllfoten.
Bergatrøllet hadde ein son og risen i Røggjin hadde ei dotter. Desse to hadde hatt eit og anna hemmeleg møte, men ette denna nåtte under fullmånen vart det ikkje fleire.
Åra kom og gjekk, eitt etter eitt.
Ein dag døydde gamletrøllet i Bergaskaret, og deretter tok vesleguten te å vente på at det skulle gå samleis med frenden på vestsida. Men Røggjirisen hadde lova hevn, og det skulle han halde. Før å få detta te, fløtte han te eit fjell lenger enn langt burte.
Risen hadde skjønt at ein dag kom det ein friar åt dottera hass, og han visste kem det va.
Før han reiste, laga han ei felle. Let døra stå open og gjorde inngangen meir og meir trong di lenger inn i berget det bar. Når så friaren kom, kom han fort, og skulle bli sittande fast og alder meir koma laus att.
Det gjekk mange, mange år, og sjølv vesletrøllet tok te å bli styggamalt- Endeleg ein dag tok han mot til seg før han la på veg på friarferd, denne ferda som fekk ein slik sørgjeleg slutt.
Det syner endå i dag kor han vart sittande fast , fordi mykji tå bakenden vart ståande utanfor.
Men ein må vera kjent før å sjå detta, då det no gror skog på trøllfua , og har lenge gjort det..
Då desse Risane elle Jutulane slutta å leva, vorto dei te natur.
Dæ æ ikkji berre i desse fjello dæ syne slik, men i mange are fjell og kan ein sjå dei ,om ein brukar augna vel
Snipp snapp snute….