Klokkarsteinen og Hødneskjaften

Hovudvassvegen i Hemsedal er Heimsil, knapt farbar med båt over lengre strekker, men om vinteren var elvisen ei mykje nytta samferdslesåre. Den mest markante formasjonen ved Heimsil er Klokkarsteinen – eit enno levande minne om folk sin trang til å knytte segner til uvanlege naturformasjonar og til å bruka fantasien for å forklare korleids dei har vorte til. Ikkje minst kan Klokkarstienen stå som eit minnesmerke over kristendomen og kyrkja sin plass i det gamle bondesamfunnet. Hemsedal kyrkje har ikkje alltid lege som ho no ligg.

Skadvinarkyrkja
Den gamle stavkyrkja, eller Skadvinarkyrkja som ho vart kalla av di ho låg på garden Skadengard (Skadvin) sin grunn, stod fritt over dalen i Kyrkjebøgrenda. I den tida hang ikkje kyrkjeklokkene i eit kyrkjetårn slik dei gjer no, men i ein støpul ved sidna kyrkja, var det nok ikkje mange fleire enn dei som budde på Kyrkjebøgardane, på Haug og på Trøim som høyrde dei. Difor er det mange som meiner at støpulen med klokkene stod på Stupulhaugen, p0å kanten mot dalen. Derifrå ville ein kunne høyre dei vidt og breitt over dalen.

St. Olavssteinen
Så ven ein klang hadde desse klokkenen at dei styrande tykte dei var reint for gode for ei lita fjellbygd. Dek skulle køyrast til Drammen. Dei køyrde over isen med klokkene , og det gjekk bra til dei kom til St. Olavsteinen, då vart klokkene med eitt så tunge at hesten ikke kunne rikke lasset av flekken. Dei spende føre ein hest til, men dette hjelpte ikkje det slag. Hemsedølene skjøna no kva som var årsak til dette og snudde. No drog ein to års gamal fole lasset attende til Hemsedalskyrkje som ingen ting. Sidan det har St. Olavsteinen hatt namnet Klokkarsteinen!

Klokkarsteinen
Ein gong kom Heilag Olav til Hemsedal, var det eit stort troll som prøvde å stoppa han. Kongen treiv då ein neve stein i Veslehødn, der Hødneskjaften er i dag, og kasta etter trollet, men steinen råkte ikkje og ramla ned ved Grøte!

Klokkarsteinen sprekk!

 

Referanse: Klokkarsteinen